Velkomen til Gripen gard

Gripen gard vert driven omlag som på 50-talet. No har me ca 50 vinterfora sau, av rasa gamalnorsk sau. Difor handlar mykje av arbeidet om sauene, og ordne beite og vinterfôr til dei. Så handlar det mykje om ull, om å vere sjølvforsynt, sjølvhjelpen, og om  å hauste av naturen.

 

Kva skjer i Gripen?

 

Om Gripen

Gripen gard vert driven omlag som på 50-talet. No har me ca 50 vinterfora sau, av rasa gamalnorsk sau. Difor handlar mykje av arbeidet om sauene, og ordne beite og vinterfôr til dei. Dei må og ha ein vêr i desember, og ekstra godt stell i lamminga i april (+-). I mai byrjar ull-sesongen. Så er det slåtten utpå sommaren med hesjing og pausar med dukkert i Storavatnet. Så veks lamma seg store, me slit med å lære oss namna deiras, og verte kjend med dei. Så er det nokre triste farvel, og alt kjøt kjem i retur for direktesal frå garden. Nokre vert til pinnekjøt og fenalår, som må bestillast i god tid, det vert fort oppbestilt.  Nokre bestiller alt 1. juledag. Når dei siste er sende til slakt, trøystar me oss med dei som er att, og gler oss over at det er lenge til neste gong, og gjer alt me kan for at dei skal ha fantastsike saueliv heilt til siste farvel.

Gardsdrifta er det viktigaste i Gripen. Me driv med gamalnorsk sau og grønsaker. Men det er ein liten og eksklusiv produksjon, så for å få inn nok pengar til å kunne drive med matproduksjon og gardsdrift, må me vere moderne fiskarbønder, som må få pengar inn på alt muleg i tillegg. Øko-turisme, gardsbesøk, kurs, events, sommarskule, guida soppturar og alt muleg rart. Helene har faktisk og laga aktivitetestilbod for personar med demens. I tilfelle ein eller anna kommune eller noko i vår nærleik får lyst på eit slikt tilbod.

Gripen er vertsgard for Airbnb og WWOOF.

Les mer

Kurs

Frå innimellom til ganske ofta har me kurs i Gripen. Me har til dømes hatt kurs i tørrmuring,  gjetarhusnkurs for kroppgjetarar. Me har hatt kurs i karding og spinning, ullsortering, plantefarging, brikkeveving og lefsebaking. Og meir skal det verte.  Det vert i alle fall minst eitt plantefargingskurs, spinnekurs og ullsorteringskurs i Gripen i Ullveka i oktober. Mest sannsynleg vert det kurs før det. Me planlegg kipekurs, rundskosaum,kompostkurs, lefsebaking, redesign, toving, brikkevev, fermenteringskurs, leirfuging av gamle tørrmura eldstadar,  byggjing av jordkjellar, motorsagkurs, mototsagKUNST, kalkmurekurs (med milebrend kalk) og mykje meir. Er det eit kurs du skulle ønske å delta på , som ikkje er ramsa opp her, ta kontakt, kanskje me kan halde akkurat dette kurset. Kan du noko du har lyst å lære andre, uansett kor sært det er,  og har lyst til å halde kurset ditt her i Gripen, ta kontakt, så ordnar me det!

Les mer

Overnatting

I Gripen kan du leige to små koselege minihus, ganske nær tunet. Det er kjøkenkrok i begge hyttene og alt du treng for å lage mat. I Systova er det faktisk vedkomfyr, men du kan få gassbluss og elektrisk kokeplate om du heller vil det.  Det er uansett koseleg å fyre opp litt i omnen. 🙂 I Skrivestove er det ikkje vedomn enno, men bålfat rett ved den vesle terassen utanføre hytta. Der er det koseleg å sitje på fine kveldar. Beggje hyttene har kompost-toalett som er enkle å bruke. Når du leiger hytte i Gripen får du låne båt, flytevestar og fiskegarn utan tillegg i prisen.

På den lille øya Roseholmen i Storavatnet (5 min gange frå tunet i Gripen), har me bygd ein stor og kraftig lavvo. Det er tregolv i lavvoen, feltsenger, madrassar of soveposar, låsbare kister til verdisaker, og elles alt det du treng for å overnatte i villmarka. Leiger du Roseholmen, får du leige heile øya, med lavvo og alt, robåt, vestar og fiskegarn. Det du må ha med deg er proviant, fyrstikker og gass til gassbluss.  Og lakenpose.  Reis til Roseholmen og leik at du er det siste mennesket på kloden!

Les mer

Gripen Tidend

22. January 2024 in Gardbesøk og events, Gripaløa

Festlokalet i Gripaløa er klart for utleige!

Velkomen til å tinge Gripaløa til fest, kalas, møte, seminar eller kva du vil.
Les Mer
22. January 2024 in Gripaløa

Gripaløa er endeleg ferdig!

Eit langt prosjekt er fullført. Festlokalet er reidugt til utleige. Det same med kjøken og produksjonskjøken.
Les Mer
21. June 2022 in Ukategorisert

Endeleg er gjestane attende!

Det er godt når ting kjem i gjenge att etter alle koronarestriksjonane. Eg hat tent meir dei to siste månadane enn dei to siste åra. Og gjestane er overstrøymande glade…
Les Mer

Garden

Glamping

Ull

Kurs

Gardsbutikk